Reparasjonar
Ei hardingfele treng stell og vedlikehald og av og til meir eller mindre omfattande reparasjonar for å kunne fungere ordentleg.
Det er viktig at reparasjonar og vedlikehald vert gjort skikkeleg, og av fagkyndige, slik at instrumentet blir best mogeleg og ikkje, i verste fall, blir øydelagt.
Ofte har det eksisterande ”rigget” på fela (kombinasjon av stol, lydpinne, strengjer osv.) ei gitt levetid, og ein kan ofte forbetre instrumentet ved eit nytt rigg. Hardingfeler har og gjerne mykje perlemor som kan falla av, og ofte treng stillepinnar å gåast over slik at at fela er god å stille og god å spela på.
​
Eg kan og gjera større jobbar, til dømes rekonstruksjon av øydelagde gripebrett og strengehaldarar, samt leggje bot i feler som er for tynne.
​
Ta kontakt dersom du har instrument som bør sjåast over.